Dette diktet ble skrevet som en skoleoppgave for 17 år siden, og jeg fant det helt tilfeldig igjen i dag. Tittelen på oppgaven var
Den sjarmerande nordnorske våren
Våren...
Trekk pusten djupt
Kjenn at nytt liv fødes-
ikkje berre ute, men inni deg sjølv også.
Gå ut...
Set deg ned på bakken
Sjå at spira veks opp
Stryk handa di over
den nordnorske naturen
og sei at du elskar han.
Det er vår her i nord,
vi har vakna til liv att!
Lukk auga...
Kan du sjå leirfivelen
spre sine glade farger mot deg?
Anar du at dagane
aldri har ein slutt?
Sjå...
Det er vår
Ljoset og fargene vil ingen enda ta.
Midnattssola gløder bak horisonten
Våren bring ho med seg
Snart gjev ho oss sin varme,
eit gammalt liv som aldri ender.
Høyr...
Bekkane sildrar under bakken igjen
Istappen du såg i går
gret endelause tårar
ned på den mjuke jorda.
Kjenn...
Legg handa di på snøflekken
som er gløymd
Kjenn at kulda under ho forsvinn
grip tak i varmen
som strøymer mot deg
Er det ikkje herleg å føle
at ein er velkomen?
Opne sjela di...
La alt det positive
ta plass i hjartet ditt
Alt frå gullklåre havspeglar
til nyoppvåkna strå.
Når det regnar
skal du stille stå i vindauget
og sjå at verda
blir fødd på ny.
Du vil kunne telje
kvart eit skott på ungbjørka
kvar ein blome som blir raud
Alt dette-
og meire til
vil vise deg
den sjarmerande nordnorske våren
slik berre han kan vere...
Stin, 1994
Fine dikte!! og fine makeovern!!
SvarSlett